Velkommen

IMG_20170801_183124Om oss:
Bakketun Overnatting ligg på garden Bakke i Herand. Garden Bakke har ein lang historie like tilbake til byrjinga av 1300 talet, og på Bakke er det gjort mange funn som vitnar om svært gammal busetnad. Mest kjend er kanskje helleristningane som er frå yngre bronsealder.(1100-500 f.kr) Det er og gjort funn av gamle sverd og økseblad. Familien som eig og driv garden i dag, overtok denne i 1933.

Bakketun har drive med turisme knytt til garden sidan tidleg på 1990 talet. Då vart den gamle driftsbygninga ombygd til leiligheitar og det gamle våningshuset frå 1865 vart sett i stand. I dag bur og driv 3 generasjonar med storfe, skog og turisme.