Aktiviteter

Velkommen til bygdars

Herand er ei bygd med rike tradisjonar og mykje historie, som og viser igjen i omgjevingane. Me som lever her, ca 220 personar, er stolte av bygda vår. Me prøver å ta vare på henne etter beste evne, og samtidig sørge for utvikling, slik at ho forblir ein levedyktig og moderne stad å bu, eller vere turist på. Dette viser og igjen i kulturlandskapsprisane me fekk i 2008. Herand vart tildelt både den nasjonale og Hordaland fylke sin pris, og er igjen i 2011 nominert til den Europeiske Kulturlandskapsprisen. Herand er og ein av fem Landskapsparkar i Hordaland.

Aktivitetar og tilbod i bygda:

Herand Kulturhistoriske senter: ”Herand gjennom 9000 år” Utstillinga på Herand Kulturhistoriske senter tek for seg kulturlandskapet og historia i Herand frå siste istid og fram til førre hundreår. I Herand sitt autentiske kulturlandskap er det spor etter alle tidsperiodar, frå 9000 år gamal busetjing under hellerane, unike hellerstningar frå bronsealder samt nausttuft og gravfunn frå jernalder. Senteret ligg i den gamle skulen i bygda.
www.herandlandskapspark.no

Hardanger Kulturgalleri:
 Kulturgalleriet stod ferdig i 2005, og er eit nytt bygg oppført i kombinasjon av gamal og ny byggjestil på garden Mælen. Her er det sommarope kunstutstilling, konsertar og  kulturtilstellingar.

Båtutleige: Bakketun Overnatting har tilgjengeleg båt med eller utan motor til leige for gjestene sine.

Kajakkutleige: Bakketun Overnatting har 2 havkajakkar med alt utstyr til leige. Prisar:  Havkajakk (inkl. alt utstyr): 2 timar 300 NOK, 4 timar 500 NOK, 24 timar 700 NOK.

Bading: Tett ved båthamna finn ein den fine badestranda i Herand. Stranda er tilrettelagd med grillplass og bord/benkar og det er kort veg til båthavna sitt sanitæranlegg. Det er og mange andre bademoglegheitar i og rundt Herand, til dømes i Hereiane.

Kulturstien: Er du i Herand, er det verdt å setja av 1,5 – 2 timar til ein tur rundt den fine kulturstien vår. Den startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og kvernhuset i sentrum. Det er ein særdeles interessant tur på fleire måtar.  Det er sett opp 4 tematavler langs stien med informasjon om planteliv, geologi, arkeologi og kulturhistorie.

Merka turstiar:
I Herand er det fleire merka turstiar som går igjennom dei ulike delane av vårt fine kulturlandskap. Kart over turstiane er å få kjøpt.

Samlen – topptur, 686 moh: Turen opp til den spektakulære utsikta frå Samlen startar på Åsleitet, like nord for Herand. Panoramautsikt både inn og ut Hardangerfjorden.

Båtbyggjarmuseum: Båtbyggjarane i Herand ble serlig kjende for Herandsgavlen, en gavlbåt som var tverr bak med en rull til å dra garn eller not med. Sentralt i museet er en Herandsgavl bygget slik at byggemetode og verktøy brukt blir virtualisert. Museet både dokumenterer og formidler de gamle båtbyggertradisjonene i Herand. Museet ligg like ved båthavna.

Oppgangssaga: Fyrste dokumentasjon på Tveiti sag er frå 1603. Tveiti sag har vore i samanhengande drift frå 1700- talet til fram mot slutten av 1970-åra. I 1986 vart saga freda og vart nyrestaurert i 1992.  Ei ny stifting kom i gang i 2002. Saga er i dag i jamnleg drift, og skjer mellom anna materialar til restaureringa av Bryggen i Bergen. Saga i drift er open for publikum etter avtale med Hardanger/Voss museum.

Kvernhuset på Tveite: Kvernhuset er eit kulturminne som no held på å forsvinne frå kulturlandskapet. I Norge er det funne kvernsteinar i gravhaugar frå 300-talet e.Kr.. Det eldste kvernhuset det er ytt tilskot til er frå 1663. Kvernhuset er derfor eit av dei mest verdifullekulturminne som enno finns att frå det gamle landbruket. Kvernhuset i Herand ligg om lag 100m ovanfor Oppgangssaga.

Krambua i Vik: Restaurert landhandel som ligg fint til i sjømiljøet i Vik. Krambua vart dreven som landhandel til ut på1950 talet. Ope som museum etter avtale.

Hellerissingane på Bakke: På Bakke er det gjort mange funn som vitnar om svært gammal busetnad, mest kjend er helleristningane i Kalhagen. Dei er truleg frå yngre bronsealder (1100 – 500 år f.Kr.) På ein bergknaus kalla Mariskarvet finn me heile 85 figurar som framstiller m.a. båtar, menneske, fotspor, vatn, ringar og gropar. Det er ulike tolkningar på kva figurane symboliserar men det som går att er livssyklus, religion, grøderikdom, sol og ritualer.

Herand Aktiv: Flott leike og aktivitetsområde ved Herand kulturhus. Leikeplass, ballbinge og treningsapparat.

Mat og drikke:

Herand Handel: Lokalbutikk med særpreg. Godt utval i daglegvarer, drivstoff, gåver, tipping og matservering. Ein triveleg møtestad i bygda!

Restaurant Meieriet: Sommeråpen restaurant med vedfyrt bakerovn der det blant annet steikes ekte, italiensk pizza. Dette er pizza med tynn og sprø bunn og mye smak fra gode råvarer. Øl og vin rettighet. http://www.kramsjo.no

Havnekiosken: Sommeråpen kiosk med god uteplass i båthavna.

Aktivitetar og tilbod elles i Hardanger:

Turistbåtrute Hardanger:

 Herand er ein av anløpsstadene for turistbåtrute i Hardanger. Båten startar i Norheimsund om morgonen, går vidare innom Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord, og same ruta tilbake på ettermiddagen. Ein fin mogelegheit til å ta seg rundt i Hardanger med utgangspunkt frå Herand.

Folgefonn sommarskisenter: Ope kvar dag frå ca. 1.mai- 1. oktober med ver og føreatterhald. Skiheis, kafé/varmestove. Sal av klippekort/ dagskort/sesongkort. Rabatt for grupper. Skiutleige av komplett utstyr. Merka turløyper til toppen av breen. http://www.folgefonn.no/

Viketunet i Jondal: Flott gardstun frå 1600 – 1700 talet, 2 min. gange frå ferjekaien. Gamal lensmannsgard med sju hus, det eldste frå ca.1611. Inventaret i hovudhuset gjev inntrykk av at det framleis bur folk her.

Folgefonni Breførarlag: Alle i normalt god form over 12 år er velkommen på tur med Folgefonni Breførarlag. Blåisvandring i Juklavassbreen – ei trygg reise i tusen år gamal is. Klatring med instruktør i Herand. http://www.folgefonni-breforarlag.no/

Båttur med Pilagutt: Pilagutt kan tilby opplevelseturar på den vakre Hardangerfjorden.  Det kan vera alt frå transport til fisketurar, blåturar, fødselsdagar, eller nyta Hardangerfjorden som speglar seg i glansen av nasjonalparken, med Folgefonna som dekkjer store delar av Folgefonnshalvøya heile året. www.pilagutt.no

Trolltunga: Gå til den berømte Trolltunga. Frå Bakketun køyrer du til Tyssedal på vel 1 time.
www.trolltunga-active.com

Sidersmaking på Utne hotel: Smak lokalprodusert sider laga på eple frå  Hardanger. Trivelege Utne hotel har dagleg sidersmaking i siderkjellaren sin.
utnehotel.no

Dronningstien: Reis til Lofthus og gå i fotspora til HKH Dronning Sonja på den spektakulære Dronningstien.

Mikkelparken i Kinsarvik: Alle born elskar Mikkelparken! Ta Turistbåten frå Herand eller køyr til Utne og ta ferja.
www.mikkelparken.no